Salta torsk
Salta torsk er ein klassisk og tradisjonsrik fiskerett som mange har gode minner frå.
Fisken frå Hjønnevåg har ein fyldig smak som passar svært godt saman med enkle tilbehør som poteter, grønsaker og sprøtt bacon.
Ein god og enkel middag der dei reine smakane får stå i sentrum.
Slik gjer du
Trekk fisken
Kok opp rikeleg med vatn i ei gryte. Legg fiskestykkene i vatnet og la dei trekke i ca. 10 minutt, til fisken flakar seg og lausnar frå beinet. Rekn om lag 200–250 g fisk per person.
Lag tilbehøret
Kok poteter og grønsaker som gulrot og brokkoli.
Steik bacon
Steik bacon i smør til det blir sprøtt.
Server
Legg fisken på tallerken med poteter, grønsaker og topp med bacon.
Ein enkel klassikar med gode smakar frå havet og Hjønnevåg.