Lutefisk
Lutefisk er ein av dei mest tradisjonsrike fiskerettane vi har, og ein klassikar på norske middagsbord.
Hos Hjønnevåg kuttar vi lutefisken i kotelettar, slik det tradisjonelt har vore gjort. Beinet held på smak og saft under steikinga – fisken blir saftigare, fastare og smakar meir.
Oppskrifta med ertestuing og sprøsteikt bacon er slik vi lagar det i Uskedalen. Alt kan lagast same dag som du handlar. Rekn med ca. 0,5–1 kg lutefisk pr. person, og juster gjerne tilbehøret etter smak.
Til 4 porsjoner treng du:
Til lutefisken:
2–3 kg lutefisk i kotelettar frå Hjønnevåg
Grovt salt
Til ertestuinga:
500 g frosne grøne erter
1 dl mjølk
1 ss kveitemjøl
2 ss smør
Salt og pepar
Til baconet:
200–300 g bacon
Tilbehør:
1 kg poteter
Kålrotstappe (valfritt)
Grov sennep, eller kvit saus smaksett med grov sennep
Flatbrød eller potetlefse
Slik gjer du:
Salt lutefisken
Legg kotelettane i ei eldfast form og dryss rikeleg med salt over. La fisken liggje med saltet i ca. 30 minutt. Saltet gjer fisken fastare og trekkjer ut overflødig væske.Steik i omnen
Dekk forma med aluminiumsfolie og steik lutefisken på 220 °C i 30–40 minutt, til fisken flakar seg og losnar frå beinet. Hell av væska før servering.Lag ertestuing
Kok ertene i lettsalta vatn i 3–4 minutt og hell av det meste av vatnet. Mos ertene lett med ei gaffel eller stappe. Rør saman 1 dl mjølk og 1 ss kveitemjøl til ei jamning, rør henne inn og la stuinga småkoke eit par minutt til ho tjuknar. Rør inn 2 ss smør til slutt og smak til med salt og pepar.Steik baconet
Skjer baconet i små terningar og steik på svak varme, slik at feittet smeltar og baconet blir sprøtt. Ta vare på baconfeittet – mange vil ha det over fisken.Kok potetene og server
Kok potetene møre. Server lutefisken med poteter, ertestuing, sprøsteikt bacon og baconfeitt, kålrotstappe og grov sennep – eller ein kvit saus smaksett med grov sennep.
Har du god tid? Lag ertestuinga slik det står i kokeboka vår: Legg 3 dl tørka gule erter i vatn dagen i førevegen. Kok dei møre i ca. 30 minutt, rør inn ei jamning av 1 dl mjølk og 1 ss kveitemjøl, og til sist 2 ss smør. Smak til med salt.
Tips: Flatbrød eller lefse med brunost og sirup høyrer med i somme delar av landet. Prøv det!
Ein klassisk lutefiskmiddag med tradisjonsrike smakar frå havet og Hjønnevåg.