Røykt torsk, alternativt blåkveite

Røykt torsk er ein tradisjonsrik middagsrett med mild røyksmak og saftig fisk.

Fisken frå Hjønnevåg passar svært godt saman med klassisk kvit saus, poteter og enkle grønsaker.

Dette er ein enkel og god middag der fisken får stå i sentrum.

Slik gjer du

  1. Trekk fisken

    Kok opp rikeleg med vatn i ei panne eller gryte. Legg fiskestykkene i vatnet og la dei trekke i ca. 10 minutt. Rekn om lag 200–250 g fisk per person.

  2. Lag kvit saus

    Smelt 2 ss smør i ei panne. Rør inn 2 ss kveitemjøl og spe med mjølk til passeleg tjukk saus (ca. 0,5 liter). La sausen koke i om lag 5 minutt og smak til med salt og pepar.

  3. Lag tilbehøret

    Kok poteter og server gjerne med gulrot, brokkoli eller blomkål.

  4. Server

    Legg fisken på tallerken med poteter, grønsaker og kvit saus.

Ein klassisk middag med gode smakar frå havet og Hjønnevåg.

Previous
Previous

Lefserull med røkt fisk

Next
Next

Salta torsk