Fiskekaker med med brun saus og karamellisert løk

Ein skikkeleg norsk klassikar som mange har gode minner frå.

Saftige fiskekaker frå Hjønnevåg passar perfekt saman med søt karamellisert løk, fyldig brun saus og enkle grønsaker.

Dette er ein middag der tradisjonelle smakar får spele hovudrolla – enkel å lage og god for heile familien.

Slik gjer du

  1. Karamelliser løken

    Skjær løk i skiver og steik den roleg i litt smør i ei panne på middels varme til ho blir mjuk, søt og gyllen.Tilsett gjerne litt sukker og soyasaus mot slutten.

  2. Kok poteter og grønsaker

    Kok poteter, gulrot og brokkoli i vatn til dei er møre.

  3. Lag brun saus

    Smelt litt smør i ei panne, rør inn kveitemjøl og brun blandinga lett. Spe med kraft eller vatn til ein fyldig saus. La sausen småkoke i nokre minutt og smak til med salt og pepar.

  4. Varm fiskekakene

    Fiskekakene er ferdige frå før og kan enten varmast i sausen eller steikast lett i panna for ein gyllen steikeskorpe før servering.

  5. Server

    Legg fiskekaker på tallerken med karamellisert løk, poteter og grønsaker. Hell brun saus over.

Ein klassisk middag med gode smakar frå havet og Hjønnevåg.

Previous
Previous

Sild og potet

Next
Next

Salta torsk