Peppermakrell-sandwich

Ein enkel og smakfull sandwich som passar perfekt til lunsj eller i matpakken.

Den gode smaken av peppermakrell frå Hjønnevåg passar svært godt saman med frisk salat, sprø eple og ein mild klatt kesam.

Rask å lage – og kjempegod å ete.

Slik gjer du

  1. Del polarbrødet

    Del polarbrødet i to.

  2. Smør på kesam

    Legg eit lag kesam på brødet.

  3. Legg på grønt

    Ha på salat og tynne skiver av eple.

  4. Topp med peppermakrell

    Legg bitar av peppermakrell på toppen.

  5. Server

    Legg på den andre halvdelen av brødet og server.

Passar perfekt som enkel lunsj eller i matpakken – med gode smakar frå havet og Hjønnevåg.

Previous
Previous

Lutefisk