Plukkfisk med Persetorsk
Har du prøvd plukkfisk med persetorsk, bacon, purre og eggesmør?
Då Hjønnevåg serverte plukkfisk backstage på Festidalen, blei retten raskt ein favoritt blant både artistar og frivillige. På laurdagen gjekk me tom.
Dette er ein raus variant med potet, persetorsk, smør, fløyte, mjølk, bacon, purre, sitron og friske urter. Litt inspirert av tanken om at det einaste som er betre enn smør, er endå meir smør.
Her er eit forslag til korleis du lagar festival-plukkfisken heime – juster gjerne mengdene etter smak.
Du treng:
Til plukkfisken:
1kg poteter
500 g persetorsk eller lettsalta torsk
1 purre
2 dl mjølk
2 dl fløyte
200 g smør
Salt og pepar
Til eggesmør og topping:
3 kokte egg
100 g smør
Frisk graslauk
Frisk kruspersille
Nokre fine fiskeflak
200g bacon
Litt rive sitronskal
Slik gjer du:
Damp potetene
Skrell poteter og damp dei møre. Når det er 5–10 minutt igjen av dampinga, tilset du finsnitta purre. Då blir purren mjuk og søt, men beheld framleis litt struktur.
Trekk fisken
Trekk persetorsk eller lettsalta torsk i usalta vatn i ca. 8–10 minutt, til fisken flakar seg fint. Ta gjerne vare på nokre av dei finaste fiskeflaka til topping.
Lag basen
La potetene og purren dampe godt av seg før du mosar dei lett. Varm smør, fløyte og mjølk saman med litt salt og pepar. Tilset blandinga gradvis i potetmassen til du får ein mjuk og fyldig konsistens.
Vend inn fisken
Vend forsiktig inn det meste av den flaka fisken i potetmassen. Tilset sprøsteikt bacon, litt sitronskal, graslauk og kruspersille. Smak til med pepar og eventuelt litt meir salt.
Lag eggesmør
Smelt smør og bland inn hakka kokt egg, graslauk og persille. Dette gir ein ekstra raus og god topping til plukkfisken.
Server
Legg plukkfisken i ei form eller på eit fat. Topp med eggesmør, sprøtt bacon, friske urter og dei fine fiskeflaka du har spart på.
Server og nyt ein ekte vestlandsrett frå Hjønnevåg – like god til kvardags som til festivalmat.