Fiskepudding i form – enkelt og smakfullt

Har du prøvd å varme fiskepuddingen lett i ovnen?

Fiskepuddingen frå Hjønnevåg er god både kald og steikt i panna – men midt imellom finn du ein skikkeleg god klassikar.

Når du varmar fiskepuddingen forsiktig i ovnen beheld han den mjuke konsistensen og den rike smaken av det ein før kalla fløtepudding.

Her er eit enkelt forslag til korleis du lagar retten på bildet – prøv gjerne dine eigne variantar.

Slik gjer du:

  1. Steik potetbåtar

    Vend potetbåtar i litt olje, salt og pepar. Steik i ovnen på 200°C i ca. 20 minutt, til dei får gyllen kant. Vend potetene undervegs.

  2. Steik tilbehøret

    Karamelliser løk i ei panne. Steik bacon sprøtt i ei anna panne.

  3. Varm fiskepuddingen

    Når potetene nærmar seg ferdige, legg skiver eller bitar av fiskepudding oppå potetene og senk temperaturen til 160°C. La alt stå i ovnen nokre minutt til puddingen er gjennomvarm.

  4. Server

    Legg poteter og fiskepudding i ei form eller på eit fat. Topp med bacon, karamellisert løk og gjerne litt saus.

Server og nyt tradisjonsrike smakar frå havet – frå Hjønnevåg.

Next
Next

Sild og potet