Landets beste sjømat? | Kvalitet i alle ledd | Våre kundar | Dette er Hjønnevåg | Ta gjerne kontakt! | Oppskrifter og mattips
 

 

 

 
 



Dagleg leiar Marit Hjønnevåg vert tildelt gull- og sølvmedalje av Fiskeri- og Matministeren.
 
Gull og sølv til Hjønnevåg på NM i Sjømatprodukter

Hjønnevåg vart i går tildelt gull og sølv for to av sine sjømatprodukt. Hjønnevåg kan sidan 2001 syna til gode plasseringar i NM i Sjømatprodukter. I 2013 fekk dei 1. plass for fiskepuddingen sin. No gjentek dei suksessen med ny gullmedalje for det same produktet. Verksemda fekk også sølv for ost- og baconburger. Hjønnevåg er tidlegare også tildelt mange 2. og 3. plassar i klassen for fiskekaker og fiskeburger.
 

Uskedalen.no har vore i kontakt med dagleg leiar, Marit Hjønnevåg, frå tildelinga under Matstreif i Oslo. Marit Hjønnevåg, er godt nøgd med tildelinga og skriv i ei helsing til Uskedalen.no:

 

Hjønnevåg er i  dag stolt vinnar av gull for fiskepudding og sølv for ost og baconburger under NM  I Sjømaprodukter. Brødrene Hjønnevåg AS har sidan 1948 produsert fiskemat. Resepten på fiskepudding er nesten lik som Henrik Hjønnevåg laga dei for 70 år sidan. Det er utruleg kjekt at bedrifta hevdar seg på nasjonalt nivå. Dette er vi svært glade og fornøyde med. Dette gir inspirasjon til vidare arbeid med at fleire får smaken på Hjønnevåg produkt.

 

Uskedalen.no. helsar Br. Hjønnevåg AS lukka til med tildelinga og ser fram til mange gode og velsmakande produkt i åra framover.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hjønnevåg

 
   
 
 
Startsida Epost